Askvoll kommune har interkommunalt samarbeid om disse arbeidsoppgåvane:
LAF (Landbruksforvaltninga i Askvoll, Fjaler og Hyllestad)
Frå 01.01.2007 vart landbruksforvaltninga for Askvoll og Fjaler samlokalisert og organisert som ei eining. Frå 01.08.20 vart Landbruksforvaltninga i Hyllestad også slått saman med den felles landbruksforvaltninga for Askvoll og Fjaler. Landbruksetaten vart lokalisert til Askvoll og med kontorlokale tilgjengeleg i Fjalerhuset og på rådhuset i Hyllestad. Fysisk gardsarkiv finns i alle dei ulike kommunane, frå 2016 er all elektronisk arkivering i Websak i dei ulike kommunane sitt system.
PPT (pedagogisk psykologisk tenestekontor)
PPT-samarbeidet omfattar dei 8 kommunane Askvoll, Balestrand, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Masfjorden, Solund og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fjaler er vertskommune og har arkivansvar.
HAFS interkommunale barnevernsteneste
HAFS interkommunale barnevernsteneste er ei interkommunal teneste for Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund som vart oppretta 1.april 2006. Tenesta har kontorstad i Dale. Organisatorisk er barnevernstenesta for Askvoll kommune underlagt kommunalsjef helse og omsorg. Fjaler er vertskommune og har arkivansvar.
Alden hamnesamarbeid – Ytre Sogn og Sunnfjord hamn
Ytre Sogn og Sunnfjord Hamn er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Bremanger, Flora, Naustdal, Førde, Fjaler, Askvoll, Gaular, Hyllestad, Gulen og Solund.
Ytre Sogn og Sunnfjord Hamn er oppretta for å ivareta deltakar-kommunane sitt ansvar etter Lov om Hamnar og Farvatn og gjeldane forskrifter.
Samarbeidet er organisert som eit § 27-samarbeid etter kommunelova.
Flora Hamn står for dagleg leiing og drift av det interkommunale samarbeidet.
Miljøretta helsevern
Kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn har inngått eit interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving.
Flora kommune er vertskommune.
Kommunane har delegert ansvar for miljøretta helsevern,
smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving til det interkommunale samarbeidet.
Karriererettleiar
HAFS-kommunane har etablert eit Karrieresenter i HAFS i eigne lokale i Fjalerhuset frå 01.01.2013 Det er tilsett karriererettleiar i 100 % stilling med følgjande finansieringsnøkkel: fylkeskommunen 55%, HAFS-kommunane 30% og NAV 15%.
Lutelandet utvikling
Askvoll Kommune er medeigar i eit utviklingsselskap for Lutelandet i Fjaler kommune. Selskapet sitt namn er Lutelandet Utvikling AS. Aksjekapitalen vert sett til kr 100 000 og Askvoll eig 6 % av aksjane. Hafs kommunane Askvoll – Hyllestad - Solund er representert i styret til Lutelandet Utvikling AS med 1 av 5 styremedlemmer og med 1 av 5 varamedlemar.
Interkommunale selskap
SYS-IKL (legevaktsamarbeid)
SYS-IKT (IKT-samarbeid)
Sunnfjord Miljøverk
Kryss-revisjon
SEKOM
Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS
SunnLab
Laster...